Kveldsmattur

Dette arrangementet er over!

Bli med Borna sitt turlag i Ulvik på kveldsmattur.

Denne gongen legg me turen langs den nye turvegen langs Tysso, me møtes ved parkeringa vis à vis Sentrum kafè (gamle grillkiosken), her i frå går me over brua, kryssar vegen og fortsett opp turvegen til Mylna. Her kryssar me vegen, og går opp til Elvatun kor me finn fram nista/middagen og kosar oss.

Oppmøte innan kl. 17:30.

Alle tar med eigen mat og drikke, våtserviettar eller antibac til håndvask, noko å sitja på og klede etter veret.

Me forheld oss til dei generelle smittevernsråda som blir gitt, og kvar husstand/familie held minst 1 meter avstand. Og foreldre har ansvar for eigne born.

Alle turar i regi av Ulvik Turlag har påmelding, dette er pga evt smittesporing. 

Påmelding innan onsdag kl. 15.00 til Hilde på sms (952 38 282)

Vel møtt!

 

 

Kveldsmattur

Bli med Borna sitt turlag i Ulvik på kveldsmattur. Denne gongen legg me turen langs den nye turvegen langs Tysso, me møtes ved parkeringa vis à vis Sentrum kafè (gamle ...

Kontaktinformasjon: