Vårtur i Norddalen/Osa

Dette arrangementet er over!

Bli med å sjå dalen vakna til liv.

Me startar turen frå parkeringa ved Hjadlane galleri, her går me i samla tropp ned til Haugen gard, vis aktsemd når me bevegar oss gjennom tunet.

Innover dalen går me forbi Solskinnstjørnet, tru om det er vatn der? Me tar og eit stopp ved koldeholena, før me trampar oss over trollebru og fyljer den gamle ferdavegen vidare langs med elva.

På Osaflorane tenner me bål, finne fram nista/bål-maten vår, me leikar litt, og går på oppdagelseferd.

PASSAR FOR:

Turen passar for bornefamiliar og besteforeldre.

SMITTEVERN:

Me forheld oss til dei gjeldande smittevernsråda på tidspunktet for turen. 

Kvar familie skal halda minimum 1 meter avstand, om foreldra ynskjer kan borna vera med dei som er i samme kohort i barnehage eller skule.

Foreldre/føresette har ansvar for eigne born, turleiar har med eign born.

Det vil bli ført liste over deltakarar, dette for å gjere ei evt smittesporing.

TA MED:

- Klede etter vèret

- Mat og drikke

- Noko å sitja på

- Hand-desinfekson

VEL MØTT!

Vårtur i Norddalen/Osa

Bli med å sjå dalen vakna til liv. Me startar turen frå parkeringa ved Hjadlane galleri, her går me i samla tropp ned til Haugen gard, vis aktsemd når me ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal