Kveldsmattur til Ljonakleiv

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag?

Oppmøte: 

Tunheim

Turen:

 Frå Tunheim fyljer me traktorvegen opp over retning Ljono før me går over på stien som tar oss opp til Ljonakleiv. På vegen går me forbi eit kjempestort gamalt tre, tru kor gamalt det kan vêra?

På Ljonakleiv ete me maten vår, leikar litt før me går ned samme vegen.

Turen blir omlag 1,5 time.

Foreldre har sjølv ansvar for sine born, turleiar har med born sjølv.

Smittevern:

Ulvik Turlag forheld seg til ei kvar tid til dei smittevernsråda som gjeld.

Det vil seia m.a. at alle turar har påmelding for å kunna hjelpa til ved ei evt. smittesporing.

Ein skal heller ikkje delta på turane våre om ein har nyoppståtte luftvegsplager. Vaksne skal minimum halde 1 meter avstand, born frå samme kohort kan vera samand, og alle vaskar hender før mat.

Ta med:

- Klede etter vêret

- Noko å sitja på

- Handdesinfeksjon

- og sjølvsagt mat og drikke

 

Vel møtt!

Kveldsmattur til Ljonakleiv

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag? Oppmøte:  Tunheim Turen:  Frå Tunheim fyljer me traktorvegen opp over retning Ljono før me går over på stien ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal