Kveldsmattur til Dagsturhytte-plassen

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag?

Oppmøte: 

Me møtes på parkeringa i Holmen.

Turen:

 Me går frå parkeringa i Holmen, og opp langs Hjeltnesvegen, og fortsett opp traktorvegen til me kjem i skogsvegen. Her ifrå går me fram til der Dagsturhytta kjem til hausten. 

Me tar samme vegen ned igjen. Turen blir omlag 1,5 time.

Foreldre har sjølv ansvar for sine born, turleiar har med born sjølv.

Smittevern:

Ulvik Turlag forheld seg til ei kvar tid til dei smittevernsråda som gjeld.

Det vil seia m.a. at alle turar har påmelding for å kunna hjelpa til ved ei evt. smittesporing.

Ein skal heller ikkje delta på turane våre om ein har nyoppståtte luftvegsplager. Vaksne skal minimum halde 1 meter avstand, born frå samme kohort kan vera samand, og alle vaskar hender før mat.

Ta med:

- Klede etter vêret

- Noko å sitja på

- Handdesinfeksjon

- og sjølvsagt mat og drikke

 

Vel møtt!

Kveldsmattur til Dagsturhytte-plassen

Pakk kveldsen i sekken eller kansje de heller tar ein sein middag? Oppmøte:  Me møtes på parkeringa i Holmen. Turen:  Me går frå parkeringa i Holmen, og opp langs Hjeltnesvegen, og fortsett ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal