Kveldstur - Sysegeilii-Gaorhovden

Vel møtt til den fyste kveldsturen med Ulvik Turlag.

Oppmøte på Tunheim innan kl. 18:00. Etter opprop startar me på turen opp til Mjølstølen, forbi Budeieleet og inn over i Sysegeili. 

Eit lite stykke her går me i mykje "pas" etter skogryddinga, trø varsamt. Resten av turen går på god sti, men nokre våte parti oppover. Siste del av geili går på stein. Tempoet vil passe dei fleste, og me tar småe pausar på vegen oppover.

Vel oppe, fyl me stien mot Gårhovden (Gaorhovden), kliv opp Spelarkleiv og "himmelstegen". På Gårhovden får me utsyn mot Øydve/Kvåle, og me ser i Osafjorden. Her tar me ein liten rast med varmdrikke eller noko kaldt. 

Vidare ber det no nedover, forbi Sygnakleiv, ned Ljonahagane, forbi Solhovden og husmannsplassen på Ljonakleiv, før me tilslutt endar opp på Tunheim igjen.

 

Utstyr:

- Gode sko, som tåler vatn

- Klede etter vèret

- Vindjakke til toppen

- Stavar kan vèra godt å ha til nedturen

På toppen tar me ei litt lengre rast, ta derfor med varm eller kald drikke, og gjerne noko å bita i.

Kveldstur - Sysegeilii-Gaorhovden

Vel møtt til den fyste kveldsturen med Ulvik Turlag. Oppmøte på Tunheim innan kl. 18:00. Etter opprop startar me på turen opp til Mjølstølen, forbi Budeieleet og inn over i ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal