Kveldsmattur til gapahuken på Tunheim

Fellestur

Dato
7. oktober kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Fottur, Barn, Tur, Vestlandet, Kveldsmattur, Ulvikturlag, Borna_Sitt_Turlag_Ulvik
Arrangører
Ulvik Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Årets siste kveldsmattur!

Borna sitt Turlag Ulvik inviterar til kveldsmattur. Turen går til den flotte gapahuken som Gløgg 4H har bygd på Tunheim. Her er det god plass til å nyte kveldsen sin.

Pakk kveldsen eller middagen i sekken og bli med! 

Oppmøte: 

Me møtes på parkeringa i barnehagen. 

Turen:

Me går frå barnehagen, og opp forbi speidarhuset og fortsett opp traktorvegen til me kjem i skogsvegen. Her ifrå går me til gapahuken. Her ete me maten vår, kastar litt hestesko og kosar oss.

Me tar samme vegen ned igjen, men om nokon ynskjer kan dei ta traktorvegen ned. Turen blir omlag 1,5 time.

Foreldre har sjølv ansvar for sine born, turleiar har med born sjølv.

Viktig: Det mørknar stadig tidlegare, så alle skal ha refleks på, og hovudlykt til heimturen er lurt.

Påmelding / Smittevern:

Alle turar i Ulvik Turlag har påmelding, dette er for å sikre et minimum av deltakarar for å gjennomføra turane, og samstundes kan ein sikre god smittesporing om det er naudsynt. 

Ulvik Turlag forheld seg til ei kvar tid til dei smittevernsråda som gjeld.

Minner om at ein ikkje skal delta på turane våre om ein har nyoppståtte luftvegsplager.

Og alle vaskar/spritar hender før mat og ev. aktivitet.

Ta med:

- Refleksvest/refleks (den skal vera på)

- klede etter vêret

- eit sitjeunderlag kan vera kjekt

- Handdesinfeksjon

- og sjølvsagt mat og drikke

- lommelykt/hovudlykt til heimturen

Vel møtt!

Kveldsmattur til gapahuken på Tunheim

Årets siste kveldsmattur! Borna sitt Turlag Ulvik inviterar til kveldsmattur. Turen går til den flotte gapahuken som Gløgg 4H har bygd på Tunheim. Her er det god plass til å ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal