Vårtur i Norddalen/Osa

Bli med på familietur med Borna sitt Turlag Ulvik, og sjå dalen vakna til liv. Me går inn til Osaflorane som ligger i Norddalen, langs den Historiske vandrerruta «Hallingskeidvegen»

​​Denne turen er lettgått for alle, det er og mulig med barnevogn med store hjul. Når me kjem fram kosar me oss med mat og drikke. Og om vèret tillet det fyrer me bål.

Oppmøtetid / stad: kl. 12.00 på parkeringa ved Hjadlane galleri.

Alder: Born 0-10 år, med foreldre, besteforeldre eller andre voksne ansvarspersoner. 

Foreldre/føresette har ansvar for eigne born, då turleiar har med eign born.

Turen frå parkeringa går på vegen ned til garden Haugen, her fortsett me inn på ferdavegen mot Hallingskeid. Vegen innover Norddalen er lett gått for både små og store, og det er fullt mulig med barnevogn med store stabile hjul. Undervegs stoppar me ved Koldeholena, og Solskinnstjødnet om det er vatn der. Det blir og tid til å stoppa og klatre, eller kaste stein i elva.

På Osaflorane tenner me bål (om vèrt tillet det), finne fram nista/bål-maten vår, me leikar litt, og går på oppdagelseferd.

Utstyr: Ta på/ med klær etter vèrmeldinga og noko vindtett til å ha på når me tar pause, og sitteunderlag. 

Mat: Ta med mat og drikke. Kanskje du har ein kosebamse som vil blir med i sekken?

Pris: Turen er gratis, men krev påmelding. Påmelding her eller direkte til turleiar.

Vilkår: Du er sjølv ansvarlig for å ha lest gjennom våre generelle vilkår i forkant av turen.
 

Støtt Ulvik Turlag / Borna sitt Turlag Ulvik sine tur- og friluftslivtilbod gjennom medlemsskap: Medlemsskap for born (0 - 12 år) koster kun kr. 140,- for eit helt år. Ein kan også melde inn hele familien til en samlet pris på 1325,-. Les meir om medlemsskap i DNT/Bergen og Hordaland Turlag/Ulvik Turlag  her.

Ynskjer du å fylje med på kva som skjer i Borna sitt Turlag Ulvik? Lik oss gjerne på Facebook!

VEL MØTT!

Vårtur i Norddalen/Osa

Bli med på familietur med Borna sitt Turlag Ulvik, og sjå dalen vakna til liv. Me går inn til Osaflorane som ligger i Norddalen, langs den Historiske vandrerruta «Hallingskeidvegen» ​​Denne ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Hilde Underdal