Stølstrimmen 2020

Utsyn frå Øydvekleppe i Ulvik
Utsyn frå Øydvekleppe i Ulvik Foto: Lena Øydvin

Salet av årets stølstrimmkort er i gang, i år har me 20 stølar på kortet.

Ulvik Turlag skipar til den 8 stølstrimmen i rekka, og årets stølstrim består av 20 stølar, alle har vore med før, nokon har vore ute ei tid mens andre har vore med heile tida.

I år som i fjor treng ein kun gå til 16 stølar for å oppnå deltakarpremie, men for borna(0-12år) har me redusert antallet stølar til kun 6, dette i håp om at det er fleire som ser det som overkommlig å gå stølstrimmen med borna sine.

I år går me for ein ny vri når det gjeld innleveringa av korta, me ynskjer at alle skal levera korta sine uansett kor mange stølar dei har våre på. Dei korta som ikkje har oppnådd deltakar premie vil vert med i ein eigen loddtrekkning, der me deler ut 3 gåvekort frå det lokale næringslivet.

For dei som tar sikte på å gå til alle stølane, freistar me med ein hovudpremie som blir trekt ut blandt dei korta som har oppnådd alle 20 stølane. Gåvekortet er frå VossEkta og på 5000,-

I år ynskjer me at flest mogeleg nyttar SjekkUt appen til DNT, for å registrera besøka sine på dei ulike stølane. Dette er eit smittevern tiltak for å redusera faren for smitte. Me ber om at ein merker korta sine med dato for besøk.
Alle som vel og klyppe korta sine eller skrive seg inn i turbøkene, SKAL utføra handhygiene med t.d antibac før og etter klypp/skriving.

Biletet er frå Horgo, teke i september 2019.

Horgo
Horgo Foto: Hilde Underdal

Skrevet av Hilde Underdal 22. mai 2020