Bornas natursti 2020

Aplabrote
Aplabrote Foto: Guro Ljone

I sommar får små og store turgåarar eit nytt tilbod i Ulvik. Hauge-senteret og Ulvik turlag er gått saman om å få til Bornas natursti.

Ni postar er sett ut på turmål i nærområde, og målgruppa er familiar med born i alderen 2 – 12 år. For å vera med på bokstavjakta må ein hente turkort på Hauge-senteret, eller lasta ned sjølv frå internett.

På kvar post skal borna samla ein bokstav som dei skal fylla ut på turkortet, og når dei har samla alle bokstavane så kjem dei fram til eit løysingsord. I tillegg finn ein turtips, boktips, segner og anna innhald på postane.

Alle som finn fram til løysingsordet får diplom og premie på Hauge-senteret.

– Me fekk diverre ikkje løyve til å setja opp utebibliotek i sommar grunna smittevern, og då ynskte me å få på plass eit anna tilbod til denne målgruppa. Me håpar dette vert eit kjekt tilbod både for dei som er heime i sommar og for besøkjande, seier Guro Ljone, formidlar ved Hauge-senteret.

– Turmåla er valde ut med tanke på at dei skal vera lette å nå. Her er ikkje det viktigaste kor langt ein går, men at ein skal ha det kjekt på turen, seier Hilde Underdal, leiar i Ulvik Turlag.

  • Turkort kan ein laste ned frå haugesenteret.no, ulvik.dnt.no eller hente på Hauge-senteret.
  • Ni postar på lette turmål
  • Bokstavjakt og spennande innhald på postane
  • Diplom og premie til alle
  • Bornas natursti startar 20. juni og vil stå ute til 1. oktober

Skrevet av Hilde Underdal 22. juni 2020