Digitalt årsmøte

Drevtjørn
Drevtjørn Foto: Hilde Underdal

Grunna pandemien me fortsatt står i, og lokal smitteverforskrift måtte årets årsmøte vera digitalt. 

Møtet starta med at leiar ynskte velkomen til årsmøtet på Teams. Det var i alt 7 deltakarar.

Etter val av skrivar og 2 til å underteikna protokollen (digitalt i år), gjekk leiar gjennom årsmeldinga.

Årsmeldinga syner at laget har hatt god aktivitet, sjølv om korona-pandemien har sett sine begrensningar på både gjennomføring og antal deltakarar, men fleire av arrangement har vore lagt opp til at deltakarane går sjølve, døme på dette er stølstrimmen, og bokstavjakta for born som blei sett opp saman med Haugesenteret i sommar og haustferien. 

I haust fekk me endeleg gjennomført turleiarkurs her i Ulvik, og me fekk 6 nye turleiarar. Dette lovar godt for turåret 2021.

Stølstrimmen hadde god auke på antal deltakarar frå året før. 120 kort vart selde, og 50% av korta oppnådde deltakar premie. Reduksjon av antal stølar for borna, og freistande premie var nok med på å dra opp deltakinga.

Turlaget fekk gjennomført nokre nisteturar, det blei NisteLesetur med Haugesenteret, hausttur i Norddalen, tur til Ossete og til Midtfjell. I desember blei det og arrangert 2 padleturar i samarbeid med Angr og Ulvik Fishing.

Turen til Vassfjøro og Onen blei avlyst grunna sjukdom og ras på vegen opp til Osafjellet. KDU-dagane blei avlyst grunna manglande påmeldte i haust, og no i vinter på grun av smitteutbrotet her i Ulvik, men me har sett ut kvissen som me fekk og oppfordrar til Kom Deg Ut i februar.

Hallingskeidvegen blei opna som Historisk Vandrerute i august, med samkomme på Osaflorane med 90 gjester.

Ellers har det blitt helde 4 styremøter, leiar har delteke i arbeidet med kommunaldelplan for idrett, friluftsliv og fysiskaktivitet, samt medvirka i arbeidsgruppa for plassering av Dagsturhytta. Arbeidet med delplanen vil fortsetja i 2021 då arbeidet er forseinka grunna covid19. 

Kasserar redgjorde for økonomien til laget, og for invisteringar som er gjort, her har me mellom anna invistert i dugnadsutsyr og nye turpostkassar. Ved årsslutt hadde me eit overskot på 63401 kr.

Valnemda hadde ein grei jobb i år, leiar tok atval og det samme gjorde to av styremedlemmane. Det kom ingen invendingar eller mot kandidatar. Leiar i valnemda fortset og.

Styret 2021

Leiar Hilde Underdal, Nestleiar Jarle Vestreim, Styremedlem Helge Sygnestveit, Styremedlem/Kasserar Caroline Lehmann.

Møtet blei runda av med gode ord, skryt og oppmuntring om å forsetja det gode arbeidet av Christian Irgens frå styret i BHT.




Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Hilde Underdal 17. februar 2021