Bokstavjakt med Haugesenteret og turlaget

Bokstavjakt
Bokstavjakt Foto: Hilde Underdal

Då er årets bokstavjakt for små og store turgåarar klar!

Borna sin natursti består av 9 postar rundt omkring i nærområdet vårt. På kvar post finn ein ein bokstav ein skal skriva ned på svarakortet. I tillegg finn ein på kvar post eit turtips, lesetips eller noko ana spanande.

Svarkort kan hentast på Haugesenteret, Brakanes hotel, turistinformasjonen, eller ein kan skrive det ut sjølv frå her.

Ein kan gå postane i den rekke fylja ein ynskjer, men husk å skrive bokstaven på rett plass. Når ein har vore på alle postane har ein funne løysningsordet, og kan levere det inn Haugesenteret å få premie og diplom.


God Tur og lukke til!

Bokstavjakt med Ulvik Turlag og Haugesenteret
Bokstavjakt med Ulvik Turlag og Haugesenteret Foto: Hilde Underdal

Skrevet av Hilde Underdal 6. juli 2021