Opning av dagsturhytta i Ulvik

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen og fylkes varaordførara i Vestland Natalia Golis klypte bandet.
Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen og fylkes varaordførara i Vestland Natalia Golis klypte bandet. Foto: Hilde Underdal

Laurdag 4. desember inviterte Ulvik herad til opning av dagsturhytta vår Solhaug, som ligg i Åsen. Opninga blei utført av ordføraren Hans Petter Thorbjørnsen og fylkes varaordførar i Vestland, Natalia Golis

No er ventetida over, laurdag blei dagsturhytta i Ulvik opna og teke i bruk. Ulvik herad inviterte bygdafolket til offisiell opning, og omlag 70 små og store Ulvikjer fann vegen til hytta. Dei fleste kom opp traseen som er merka frå parkeringa ved idrettsanlegget, mens andre tok stien opp frå Produksjonsskulen, var og nokre som sykla til opninga.

Ulvik Turlag hadde fyrt opp bålpanna, saksofonist Arne Haukeland tok i mot folket med kjende og kjære julesongar, ungane kosa seg i leik rundt hytta, og dei vaksne små trippa rundt medan praten gjekk laust. Felles for alle var at dei kjende på ei glede og ein spenning i å endeleg skulle få ta i bruk hytta.

Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen leia opninga, og han byrja med å gratulera alle med hytta. Vidare sa han at dette er alle si hytte, og alle må derfor vera litt vaktmesterar og hjelpa å passa på hytta og rydda etter seg, alle blei minna på at sko skal av, og ingen våte klede skal inn.

Ordføraren fortsatte så med å takka fylkeskommunen for å setja i gong dette prosjektet, samt takka Sparebanken Sogn og Fjordane for midlar til dette. Ulvik Turlag fekk og takk for å lyfta fram dagsturhytteprosjektet tidleg.

Og ikkje minst fekk grunneiga Kristofer F. Hjeltnes ei stor takk for at han var så positiv til prosjektet, ordføraren sa han var så positiv til prosjektet at han lurte på om ein ikkje skulle hatt to hytter. Vidare fekk Steinar I. Bergo takk for å ha komme med namnet "Solhaug" som folket stemte fram som vinnar namnet. Han fekk ta ordet, og forklarte kvar namnet hadde sitt opphav frå. 

Vestland fylkeskommune var representert ved fylkesvaraordførar Natalia Golis, ho takka for at ho var invitert og var veldig glad for å vera tilbake i Ulvik (ho var tidlegare Bygde- og næringsutviklar i Ulvik). Ho fortalt litt om dette fantastiske dagsturhytte prosjektet som no har komme/kjem til kommunana i Vestland. Ho meinte dessutan at Ulvik måtte ha den aller beste plasseringa av si hytte, her kan folk i alle aldrar med eller utan fysiske utfordringar komma seg på tur og oppleva denne flotte plassen.

Før snorklyppinga leia koret "Kor so helst" ann allsongen av Ulvikasongen, og deretter opna ordføraren og fylkesvaraordføraren hytta for bruk. Dei fyste som "storma" hytta var borna, og mens dei gjorde seg kjend med hytta og alle bøkena nytta dei vaksne anledninga til varm eplegløgg og klementiner servert av frivillige.

Me håpar alle som besøker hytta vil kose seg og ta godt vare på den!

GOD TUR!

Inne i hytta heng eit bilete av den fyste "Solhaug", som var det gamle ungdomshuset som stod på Rossvoll. Rossvoll ligg på den andre sida av Ulvikapollen, her blei det oppført ei gamal røykjestove, som seinare blei utvida. Ungdomshuset klarte seg under bombinga av Ulvik i 1940, men blei seinare nytta av tyskarane og brann så ned seinare i krigen.
Ulvik Turlag vil takke så mykje for bidraga til hytta i form av sitjeunderlag og strikka tøfler. Me er takksame for engasjementet blant bygdafolket! Har du fortsatt lyst til å bidra tar me fortsatt i mot både sitjeunderlag og særleg tøfler.

Skrevet av Hilde Underdal 6. desember 2021