Kveldstur - Sysegeilii - Gaorhovden

"Himmelstegen"
"Himmelstegen" Foto: Hilde Underdal

Kveldstur opp Sysegeili over Gaorhovden, ned Ljonahagane.

Den fyste kveldsturen i år hadde oppmøte på Tunheim, her i frå gjekk turleiar og tre spreke damer opp og inn Sysegeili. turen gjekk i roligt tempo innover geili der me tok oss tid til å nyta naturen. Fuglane song, bekkjen sildra og me fekk fine stunder med god prat og småe pausar.

Etter nesten 1,5 time sto me på Gaorhovden, og kunne nyta kveldssola som skinte over Øydve. Gråvèret som var meldt viste seg endå ikkje, og me fortsette etter ein liten pause. No bar det ned over forbi Sygnakleiv og Langeheldren. Vidare gjennom Smytte og over Ljonahagane der sauene beita og lamma dansa. Nokre staselege fjordingar såg me og. Forbi Solhovden og ned til Ljonakleiv kom det nokre småe regnsdropar, men det vart ikkje noko ut av det. Kyr og kalvar kosa seg med det grøne graset på Ljonakleiv, og me fortsette turen ned til Tunheim. 

Takk for turen!

 

Skrevet av Hilde Underdal 19. mai 2021