NisteLese-tur

NisteLese-tur
NisteLese-tur Foto: Hilde Underdal

Siste laurdagen i august gjekk Borna sitt turlag på NistLese-tur på Tunheim.

8 born og 4 vaksne møtes ved elva Gauro oppe på Tunheim i strålande solskin. Me starta med å helsa på nokre av kuena som var der før me gjekk opp bakkane til mjølstølen. På vegen fant me smørblom, einebær og masse kubersj.

Oppe ved mjølstølen tok me oss ein liten pause i skuggen, før me gjekk nedover traktorvegen som leia oss mot dagens mål: gravhaugane ved Tunheim. Her fyrte me i bålpanna, åt nista, grilla pylser og marshmellows.

Etter maten tok Guro, formidlar ved Haugesenteret fram boka Bålet som handlar om beveren Bella og grisen Sylte som skal feira jonsok med venene sine, men endar opp med at alt går over styr. Etter på snakte me om kva ein må passe på når ein skal lage bål, kvar ein kan lage bål og kor tid ein ikkje skal gjere opp bål. 

Me hadde ei kjekk stund på Tunheim, og alle tykte dette var kjekt så me vil nok ha fleire turar med lesestund.


Skrevet av Hilde Underdal 30. august 2020