Borna sitt Turlag til Ljonakleiv

Ljonakleiv
Ljonakleiv Foto: Hilde Underdal

Kveldsmaten var i sekken, og sola skinte når me la i veg frå Tunheim og opp til Ljonakleiv.

5 born, 3 hundar og 4 vaksne tok turen frå Tunheim til Ljonakleiv denne torsdags ettermiddagen. Den minste turdeltakaren er knapt ein månadgammal, og sov seg gjennom det meste av turen. Dei andre borna spratt opp lia mot Ljonakleiv som ingenting. Turen opp er ikkje så lang, men ein kjenner det litt på pusten i bakkane opp. 

På vegen oppover traff me på sauer, og oppe på Ljonakleiv koste kalvane seg med alt det gode graset. Noko nyfikne var dei og kunne nok tenkt seg eit vaffelhjarta og to, eller kansje det var pasta bolognese som freista når dei tok turen bortom plassen me sat?

Etter mat blei det tid til leik og klatring i tre, før me rusla ned over lia igjen. Vel nede på Tunheim blei elva Gauro for freistande for dei med 4 føtte og dei minte på 2. Men kva gjer det vel med eit bad når sola skin?

Tusen takk for ein kjekk tur til Ljonakleiv!

Neste kveldsmattur blir 3 juni.

Skrevet av Hilde Underdal 21. mai 2021