Hesteridning på Ljono

Tune på Ljono
Tune på Ljono Foto: Hilde Underdal

Ramma rundt dette kvelds-arrangementet kunne ikkje blitt bedre, sola skinte frå ein skyfri himmel, irrgrøne slåtteenger, høner som trippa i tunet, tre-huska og langt der nede blenkte det i fjorden.

Den siste dagen i mai fylte Borna sitt Turlag tunet til Jenny og Sondre på Ljono. 20 små og store skapte god stemning høgt over Ulvikapollen, her teikna ein paradis i tunet, hoppa tau, spratt rundt på trampolina og svinga seg i trehuska, men viktigast av alt dei fekk ta ein ridetur på to av fjordingane på garden.

Før ridinga tok til fortalte Jenny litt om fjordingen, og hestane hennar på garden. Og jammen fekk ein ikkje ny kunnsap med seg heim og.

Viste du at fjordingen har 5 ulike fargar? Det var nok ny lærdom for fleire.

Etter ridninga kosa ungane seg med pylser frå bålpanna, og saft. Dei vaksne fekk ein kopp kaffi i solsteiken (eller litt saft), og praten gjekk lystig på tunet. Og etter 1,5 time takka me alle for laget, og var einige om at dette vil me gjere igjen.


Tusen hjartleg takk til Jenny og Sondre med familie og vener, som stilte opp og gjorde dette arrangementet så vel lukka, og sjølvsagt ein stor takk til alle dei store og små som blei med oss til Ljono.


Klar for ridetur
Klar for ridetur Foto: Hilde Underdal

Skrevet av Hilde Underdal 16. juni 2021