Turtips

Trenger du tips til kvar du skal reisa på tur? Her er nokre turer me anbefaler. Flere turforslag du på UT.no - hele Norges turplanlegger

Ljonakleiv
Ljonakleiv Foto: Hilde Underdal

Nærtur 

Tunheim - Ljonakleiv - Sysehagen -  Tunheim

ca. 2 km

Høgd: 133 - 254 moh

Turen høver for born.

Turen startar frå Tunheim. Hit kan ein kjøyre.

Gå på merka sti mot Ljono, på vegn opp går ein forbi to uthus, ved det øverste kan ein velja å ta traktorvegen opp til venstre, eller fylja stien som går opp til høgre.

Begge vegar fører fram til Ljonakleiv, dette er ein gamal husmannsplass, her er det store grøne områder med husmurar og ei restaurert løa.

Her er det fint å eta nista si, til venstre frå løa går stien vidare, og ved stidelet tar ein ned til Sysehagen. Fylj sti/traktorvegen til ein kjem ned ved Syse gard. Ta til venstre når ein kjem på vegen, og så til venstre igjen opp den bratte grusvegen tilbake til Tunheim.


Klikk her for å skrive tekst.

Tur til Midtfjell (1255 moh) 

12 km/5 timer t/r

Høyde: 400-1255 moh

Flott utstyr ut Hardangerfjorden! 

Ein startar frå Sjusete. Frå Ulvik sentrum går ein forbi Ulvik Gjestetun, etter elva tar ein opp til høgre. Fylj den asfalterte vegen oppover og forbi gardane på Vambheim. Vegen går over til grusveg, og om lag 100 m lengre fremme går ein gjennom ei grind. Rett etter grinda tar ein til venstre. Fortsett rett fram i dei to neste kryssa, i enden av vegen kjem ein til Sjusete. Brua over elva ligger rett før Sjustete kor ein kan parkera.

Turen starter på traktorveg, og ein må passe på å halde til venstre i krysset like etter Sjusete. Gå på høgre side, vestsida, av Vambheimselva oppover i skogen. Før ein kjem til Hedlesete, ved ein liten bekk på venstre side, tar ein av frå traktorvegen og går vidare på sti. Ein kjem etterkvart opp i litt meir ope terreng og får utstyn bakover og ned til Ulvik. 

Når ein kjem høyare opp, blir det slutt på den tydelige stien, så ein må finne den beste traseen opp mot toppen. Ein bør gå i retning Grimsnuttjørna, som ligger på dryge 1000 moh. Herifra går ein ikkje inn i dalen, men mot eit tydelig fremspring på høgre side. Ein går på høgre side, nordsida, av fremspringet og vidare oppover på skarv før det flater ut mot toppen. 

Oppe på Midtfjell, 1255 moh., er det bråstopp, med eit stup rett under toppen. Flott utsikt ut mot fjorden. 



Sygnestveit ved Osafjorden, sett frå Jobykset
Sygnestveit ved Osafjorden, sett frå Jobykset Foto: Annlaug Brandstveit

Nærtur

Tunheim - Jobykset - Tunheim

ca. 3,6 km

Høgd: 138 - 310 moh.

Start frå Tunheim, fylj traktorvegen mot Liavegen/Jobykset. Vegen er lett å gå, og etterkvart går den over til sti. Stien går for det meste i skogen, men fleire plassar får ein flott utsyn over Ulvik, og nokre plassar kan ein setja seg på benker å nyta utsikta.

Etter kvart kjem ein ut til ein traktorveg, og har utsyn til Osafjorden. Fylj vegen nedover, og i svingen kan ein gå ut på Jobykset. Her kan ein sjå rett ned i Osafjorden, og inn over og ut over fjorden. NB! Om ein ikkje likar høgder er ikkje Jobykset plassen.

Tilbake på vegen, fortset ein ned over til ein kjem til grusvegen (Liavegen) fylj skilte tilbake til Tunheim.

Om sumaren går det ofte kyr her, så lat att alle grinder.


Tur fra Hallingskeid til Osa

20 km / 6 timer

Høyde: 1100-1340-0 moh

Turen starter ved Hallingskeid stasjon. Her ligger det ei selvbetjent turisthytte 200 meter i fra jernbanestasjonen. Turen mot Osa er T-merket og går først litt sørover på Rallarvegen før den dreier vestover. Turen vestover går opp Budalen til Budalsbrotet, som er høyeste punkt på turen, ca.1340 moh. Videre vestover går en nedenfor Osaskavlen og frem til Gunnulven, der ligg det en stor stein. Videre går en nedover forbi stølen Ossete og ut i Norddalen.  


Tur til Kvasshovden

10 km /4-5 t/r

Høyde: 360 -1065 moh

Kvasshovden ligg på heradsgrensa mellom Ulvik og Voss, men turen her er omtalt på Ulviksida, opp fra Bergo.

Fra Ulvik køyrer ein fv. 5380 mot Espelandsdalen, ca.4 km, og ta av på vegen inn til Bergo. Det er mogelig å parkera nede ved vegen, nedanfor garden. Ein fyljer gardsvegen forbi garden og opp til Bergamyrane. Nesten i enden av myra tar ein av fra vegen og går på sti rett frem. Her kjem ein til Litlastøl og videre på sti opp til Gunnarsete. Frå stølen går stien ganske langt utover, mot vest, før han dreiar innover mot Kvasshovden, 1065 moh. Det er flott utstyn fra toppen.