Kom Deg Ut-dagen i Osa

Arrangement

Dato
6. september kl. 11:00 - 14:00
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Arrangement, Kom-Deg-Ut-Dagen, Barnefamilie, Komdegutdagen, Fjøresteinane
Arrangører
Ulvik Turlag, Bergen og Hordaland Turlag
Turområde
Hardangervidda (se kart)

Kom og bli med på ein kjekk dag i Osa. Kjem Turbo og tru?

Me fyrer opp bålpanna i fjøresteinane i Osa, det blir pylse grilling, turtipp, fiskesprett osv.

Ta gjerne med fiskestong, og er veret fint kan freistinga til å bada bli stor.

2020 er DNT sitt berekraftsår, og me ber om at alle unngår å bruke eingongs servise når dei kjem på KDU, samstundes ber me om at alle tar med seg bos dei finn på sin veg.

Ta med:

- Kopp/glas (ungane får saft)

- Klede etter veret

- Noko å sitja på

- Badekle/handduk (om bading freistar)

- Mat/anna drikke (Turlaget/Gilde spanderar 1 pylse pr. born)

- Fiskestong om ein vil prøve fiskelukka (turlaget har ikkje fiskestenger)

Kansje tar Turbo turen og?

Smittevern:

Alle turar og arrangement i regi av turlaga har påmelding, dette er for å sikkre at ein kan gjere ein evt smittesporing. 

Me forheld oss til ei kavar tid til dei gjeldane smittevernsreglane som blir gitt, og kvar familie/hustand skal halde minimum 1 meter avstand.

 

Kom Deg Ut-dagen i Osa

Kom og bli med på ein kjekk dag i Osa. Kjem Turbo og tru? Me fyrer opp bålpanna i fjøresteinane i Osa, det blir pylse grilling, turtipp, fiskesprett osv. Ta gjerne ...

Kontaktinformasjon: