Kom Deg Ut ! og Våg Deg Med (i regi av ulike lag i Ulvik Herad)

I år som i fjor blir Kom Deg Ut- dagen arrangert under aktivitetsdagen Våg Deg Med !

Våg deg med arrangementet er eit "utstillings-vindauge" for alle laga som finst i Ulvik, føremålet med Våg deg med ! er å synligjera kva ulike lag og organisasjonar ein kan ta del i i Ulvik. Laga får anledning til å profilera seg, og visa fram kva aktivitetar ein har.

Kom deg ut- dagen er Norges nasjonale turdag, med arrangementer over hele landet. Me inviterar til turer og aktivitetar i nærmiljøet for familiar og andre som har lyst til å være med på en fin utedag, og oppfordrer alle til å komme seg ut på tur denne dagen.

DNT arranerar to Kom deg ut dagar i året, fyste sundagen i september og fyste sundagen i februar. Me i Ulvik Turlag har i år og valgt å leggja vår KDU dag til Våg Deg Med som føre går i Holmen.

Ulvik Turlag / Borna sitt Turlag i Ulvik stiller med stand med bålpanne kor me griller pylser til borna, ein kan delta på kviss-løype, få informasjon om kva Ulvik Turlag/Borna sitt Turlag Ulvik tibyr og kva fordeler ein har med å bli DNT medlem.

På slutten av dagen blir det premie trekning blant alle som har delteke, husk derfor å skrive deg opp på listene som ligg hjå dei ulike aktørane. Desto fleire lister du har namne ditt på desto høgare er vinnar sjansen!

Vel møt til ein kjekk dag i Holmen.

Kom Deg Ut ! og Våg Deg Med (i regi av ulike lag i Ulvik Herad)

I år som i fjor blir Kom Deg Ut- dagen arrangert under aktivitetsdagen Våg Deg Med ! Våg deg med arrangementet er eit "utstillings-vindauge" for alle laga som finst i ...