Blir du med på padletur?

Padling i Frafjord sommer 2017
Padling i Frafjord sommer 2017 Foto: Eivind Bærheim

Har du hatt lyst til å utforska Osafjorden vinterstid, frå ein kajakk? No har du muligheiten. Bli med då vel!

Denne vinteren vil Ulvik Turlag i samarbeid med Angr og Ulvik Fishing tilby kajakk-turar på Osafjorden og Ulvikafjorden for alle som bur i Ulvik. Me vil prøva og ha ein tur i månaden, med start no i desember og fram til april/mai. 

Det vil bli både kveldsturar med hovudlykt og dagsturar. Turane vil bli annonsert på facbook og ved oppslag. Det vil vera plass til 10-12 deltakarar pr. tur, og Angr og Ulvik Fishing tilbyr lån av utstyr for 250,- pr tur. Dei disponerar tilsamman 9 kajakkar, samt at Angr har nokre tørrdrakter til utlån, tørrdrakt vil vera påkrevd ved minusgrader. Ein kan og nytta eigeutstyr. 

Nedre aldersgrense: 14 år 

Påmelding vil skje gjennom Turlaget, og ein oppgir om ein vil leigeutstyr eller har eige. Turleiar for desse turane vil vera Torstein Hellesnes som driv Angr, han er godkjent padleinstruktør, og i tillegg utdanna turleiar gjennom DNT.

Me håpar tilbodet blir tatt vel i mot, og nytta.


Skrevet av Hilde Underdal 19. november 2020