Kom Deg UT i februar

Logo_kom_deg_ut
Logo_kom_deg_ut

Denne helga er det Kom Deg Ut dagen i heile landet. Ulvik Turlag skipa vanlegvis til arrangement på Drevtjørn i tilknytning til denne dagen, men denne gongen blir det anleis.

Kjære sambygdingar, me står i ei vanskeleg tid, svært mangen er i karantene og fleire er sjuke. Men me skal komma gjennom dette. Kvar for oss, er me sterke samand.

Denne helga er det Kom Deg Ut arrangement over heile lande, nokre går tilnerma normalt mens andre har valgt andre vriar på årets arrangement. Ulvik Turlag hadde planlagt arrangement på Drevtjørn den 13 februar, med naturkviss, Turbo-besøk og aking, men når fyste nedstenginga av barnehage/skule kom såg me raskt att dette ikkje kom til å bli noko av.

Me bestemte oss derfor for å heller setja opp naturkvissen nede i bygda, slik at folk kan gå når det høver best og med muligheit for å opprett halda ekstra god avstand.

Naturkvissen blir sett opp laurdag 6 februar og står ut februar. På denne måten kan alle få ein muligheit til å ta turen, svara på spørsmåla og få premie.

Informasjon om sjølve kvissen finn det her.  Svarark kan ein laste ned her.

Ynskjer alle små og store det beste, ver sterke!


Skrevet av Hilde Underdal 6. februar 2021