Våg deg med !

Grindbygget i Holmen
Grindbygget i Holmen Foto: Hilde Underdal

Ulvik Turlag sin Kom Deg Ut-dag blei arrangert laurdag 28 august under aktivitetsdagen

Våg deg med! 

28 august inviterte Ulvik idrettsråd saman med ulike lag til ein aktivitetsdag i Holmen. Ulvik er ein liten stad, men med mange ulike lag og organisasjonar. Og denne dagen fekk ein då muligheit til å visa fram noko av alt det dei ulike laga driv med. 

Tanken med aktivitetsdagen var å visa fram kva me har og la alle prøva noko dei kanskje ikkje hadde prøvd før. Me utfordra rett og slett alle Ulvikje til å våga seg med på noko nytt.

Her fekk ein prøve bogeskyting hjå Hardanger Bogeskyttarklubb, Gløgg 4H viste fram ulike prosjekt dei jobbar med, ein kunne og steike seg pinnebrød og prøve seg på støvlekast. Mens Hardanger Slow food hadde smaks stasjon der ein kunne smaka på ulike vekster og honning m.a. Ulvik IL hadde 60 meteren med og utan "hekk", lengdehopp og høgdehopp på programmet, og Ulvik vasskiklubb hadde sjølvsakt vasskikøyring.

Ulvik Turlag/Borna sitt Turlag Ulvik grilla pylser sponsa av Gilde, ein kunne og delta på Tur Tipp der alle som deltok fekk ein grillpinne når dei leverte svara sine. Det var ellers mulig å prøva spikking,  og få seg eit aktivitets hefte. Turbo hadde og fått med seg at det var mykje moro i Holmen denne dagen, og tok sjølvsakt turen. Trur jammen han fekk snust seg gjennom nokre urter og honning, og prøvd seg på litt støvelkasting, sjølv om han hadde litt utfordring med lukta frå nokre av støvlane.

Aktivitetsdagen blei avslutta med trekning av premiar, her var det gåvekort sponsa av Idrettsrådet, og fleire premiar gitt av dei ulike laga som var med. Trekninga blei gjort frå registreringslistene frå kvart lag, og ein auka sjansen om ein var med på fleire aktivitetar og gjerne deltok fleire gonger på kvar aktivitet. 

Totalt var det 80 små og store innom turlaget, og antat rundt 150 stk innom heile aktivitets dagen. Og Ulvik Turlag stiller gjerne på samme arrangement til neste år.

Til slutt ein ekstra takk til Linn Senneset frå Barnas Turlag Bergen som tok turen med familie for å helsa på oss i Ulvik



Premie utdeling
Premie utdeling Foto: Hilde Underdal

Skrevet av Hilde Underdal 3. september 2021