Adventskos på dagsturhytta

Adventskos på dagsturhytta Solhaug
Adventskos på dagsturhytta Solhaug Foto: Kari Pettersborg

Borna sitt Turlag Ulvik avslutta turåret med adventskos på den nyopna dagsturhytta, Solhaug.

Den 3 sundagen i advent inviterte Borna sitt turlag / Ulvik Turlag til adventskos på den nyopna dagsturhytta som ligg i Åsen. Vèret var ikkje det beste, og det faktumet at koronaen legg ein dempar på det meste igjen gjorde nok til at ikkje så mange meldte seg på (eller er det julestria?), men dei to familiane som var med på turen kosa seg uansett.

Me varma gløgg over bålpanna, og nokre grilla pylser, og sidan me ikkje var så mange kunne me alle sitja trykt inne i hytta og nyta både mat og drikke. Leiaren i turlaget hadde med porsjons pakka peparkaker som blei delt ut, og mens ein kosa seg med desse blei det høgt lesing av forteljinga om Bygda som gløymde at det var jul, og historien om Teskjeikjerringa som var på julehandel.

Bøkene i hyllene blei og lest, og vitseboka falt verkeleg i smak, den blei det høgt lesing frå og latteren satt laust. Og så ikkje minst hemsen. Kva skulle ein gjort utan hemsen? Den innbyr til leik, klarting og så kunne ein jo sjå heilt heim, men me lyt ynskja oss nokre underlag og puter for å gjera den til den perfekt plassen for lesestunder. 

Med denne turen set me punktum for årets turar i turlaget, me vil takka både små og store for deltaking på turane våre i år, og så ynskjer me at neste år blir eit endå betre turår, med mange små og store som blir med oss ut på tur.

Ynskjer alle ei riktig god og fredfull jul, og vel møtt til eit nytt turår i 2022.



Adventstjerna er på plass
Adventstjerna er på plass Foto: Hilde Underdal

Skrevet av Hilde Underdal 12. desember 2021